Om prosjektet

Luftekanalen vart etablert i mars 2020 i eit litt fortvila forsøk på å gjera noko for norsk reiselivsnæring. Vi ville prøva å bidra med kunnskap, pågangsmot, gode idéar, nyhende om begrensingane og mogelegheitene for reiselivsbedriftene, støtteordningar og gode samtalar i ei svært krevjande tid for veldig mange.

Bakgrunn for initiativet:Linda Løvfall

Det spesielle med reiselivsnæringa er jo at alle er avhengige av alle. Hotell, restaurantar, kulturinstitusjonar, festivalar, transportselskap, turoperatørar, konsulentar m.fl. – vi er alle tannhjul i det store reiselivsmaskineriet. Det er lett å bli fortvila og handlingslamma i ein situasjon som denne, men ingen av oss har råd til noko anna enn å krumma nakken og stå klare den dagen restriksjonane blir oppheva igjen. Korleis kan vi utnytta tida no som vi ikkje blir «plagd» av gjester til å ta grep for framtida?
– Linda Løvfall

Pål Knutsson MedhusLa uss høyre korleis det står til og kva du meiner me kan gjere i denne svært krevjande situasjonen. Me meiner det er viktigare enn nokon gong å sjå framover, over toppen og starte jobben med å møte den nye tida som kjem til oss alle.
– Pål Knutsson Medhus